Fusaundersøkinga
118 elevar i 8.-10. klasse på Fusa ungdomsskule og 77 elevar på VG2 på Fusa vidaregåande skule deltok i 2016-undersøkinga. Svarprosenten var 92 på ungdomsskulen og 73 på vidaregåande.
Innhald
Undersøkingane gir svar på mange spørsmål: Kor fornøgde er ungdom med livet sitt – og korleis likar dei seg på skulen, i fritida, med vennane og i nærmiljøet? Kva brukar ungdom tida si til når dei ikkje er på skulen? Kor mange er med i idrett og andre organiserte aktivitetar? Korleis opplever dei unge foreldra sine? Er det mange som blir mobba av jamaldrande? Kor mange av dei unge har erfaringar med alkohol, tobakk og narkotika?
Om Ungdata-undersøkinga
Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og dei regionale kompetansesentra for rusfeltet (KoRus) har det faglege ansvaret for undersøkingane, medan kommunane står for den praktiske gjennomføringa.
Ungdata vert finansiert over Statsbudsjettet, gjennom tilskot frå Helsedirektoratet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Alle data som vert samla inn i regi av Ungdata, vert lagra i ein nasjonal database som vert forvalta av NOVA.
Kvart år vert det laga nasjonale tal basert på alle gjennomførte Ungdata-undersøkingar føregåande år.
Tala som er gjengitt under merkelappen «Norge» i denne rapporten, er basert på 283 kommunale og tre fylkeskommunale undersøkingar gjennomført i perioden 2012-2014.
Sjå dei ulike rapportane: