Fusa kulturskule

Frå og med hausten 2015 er Fusa kulturskule organisert saman med Os kulturskule og administrert frå Os. Undervisninga i Fusa er desentralisert, og skjer på skular eller samfunnshus rundt om i kommunen.

Undervisning

Der det er mest praktisk, blir undervisninga samla på ein stad. Undervisninga følgjer skuleåret.

Skuleåret 2015-2016 vert det gjeve følgjande opplæring:

  • Instrumentundervisning: Piano, keyboard, gitar/el-gitar/bass, ukulele og slagverk
  • "Musikk i livets begynnelse"

Enkeltkurs blir utlyst og går i kortarere periodar. Undervisninga er ein til ein/enkeltundervisning (20 minutt/veke) eller gruppeundervisning på 5-6 elevar med noko lenger tid kvar gong. Gjennom skuleåret kan elevar få tilbod om å vera med på ulike arrangement.

Søknad

  • Søknadsfristen er 2. april 2016. 

  • Opptak gjeld for eitt skuleår om gongen.

  • Bruk digitalt søknadsskjema.

  • Eksisterande elevar må registrera seg på nytt før kvart skuleår.

Eigenbetaling

  • Satsar for eigenbetaling for ein elevplass i kulturskulen finn du i kommunen sitt gebyrregulativ. Sjå snarveg nedanfor. 

  • Det vert gjeve 25 % moderasjon for søsken nr 2 for det billegaste av kursa, 50 % for nr 3 osb. 

  • For kortare kurs gjeld eigne satsar.

  • Faktura for kulturskuleplass blir tilsendt i oktober og mars. 

  • Dersom ein slutter i løpet av året, må det likevel betalast skulepengar ut semesteret.

Instrument

  • Elevane må i hovudsak halda sine eigne instrument og evt. læremiddel. 

  • Kulturskulen har nokre instrument berekna til utleige. 

  • Ta kontakt for meir informasjon. 

Målgruppe

 

Barn og unge er primærmålgruppa, men vaksne kan òg søkja. Vaksne får tilbod dersom det er ledig kapasitet. Kulturskulen har som mål å gje plass til alle som ønskjer det (ope inntak).

Mål for kulturskulen:

  • Å gje den enkelte elev best mogleg høve til å utvikla sine musikalske og kreative evner og anlegg

  • Å medverka til verdfulle og varierte aktivitetar innan musikk- og kulturlivet i kommunen

Sal av tenester

Kulturskulen kan selja timar/undervisning til kulturliv, institusjonar eller skular i kommunen. For dette gjeld eigne satsar for eigenbetaling.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.02.2016
Fann du det du leitte etter?

Ofte stilte spørsmål om kulturskule

Ofte stilte spørsmål om kulturskule

Kulturskule
Kven kan få undervisning i kulturskulen?
Kulturskuletilbodet er for barn og unge i Fusa kommune. Dersom det er kapasitet, kan tilbod også gjevast til vaksne, menneske med spesielle behov osb.
Når er søknadsfrist til kulturskulen?

Søknadsfristen for hovudopptaket er 2. april. Vi tek også inn elevar gjennom skuleåret etter kvart som det blir ledige plassar. Plassen gjeld for eitt skuleår om gongen.

Kva undervisningstilbod har kulturskulen?
Undervisningstilbodet er i hovudsak opplæring på ulike musikkinstrument og musikk i livets begynnelse. Kulturskulen har også kortare kurs i m.a. rockeverkstad, musikkteknologi, måling/teikning m.m. Tilbodet kan variera litt frå år til år.
Følgjer kulturskulen grunnskulen si skulerute?
Ja, kulturskuleundervisninga følgjer skuleruta
Kvar går kulturskuleundervisninga føre seg

Undervisninga er desentralisert og føregår på skular og samfunnshus i kommunen. Dersom det er få elevar i ein krins, blir undervisninga samla for fleire krinsar.

Os/Fusa kulturskule Postboks 84
5202 Os
E-post : cbr@os-ho.kommune.no
Telefon
: 56 57 52 48

kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 00
Mobil :
488 90 813
E-post :
terje.raunsgard@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Os kulturskule / Fusa kulturskule

Telefon :
56 57 52 48
E-post :
cbr@os-ho.kommune.no
Tittel :
Kulturskulerektor
Bunnhjørne
 
Login for redigering