Fritidsklubben

Kulturkontoret driv fritidsklubb i Fjorden arena for menneske med utviklingshemming. Det er klubbkveld kvar onsdag klokka 18-20.

Kven er fritidsklubben for?

Klubben er tilrettelagt for menneske med utviklingshemming. 

Brukarane kjem frå Samnanger og Fusa kommunar, og alderen er frå vidaregåande skule og oppover.

Fritidsleiar sender ut informasjon om klubbkveldane i posten eller på e-post til aktuelle deltakarar.

Når er det klubb?

Det er klubbkveld kvar onsdag klokka 18.00-20.00 i Fjorden arena.

Klubben er stengd i juli, i romjula og på høgtidsdagar.

Kva kostar det?

Deltakarane betalar kr 100 i kontantar kvar gong. For tilsette som følgjer med er det gratis.

Kva skjer på klubben?

Aktivitetane er varierte med både bilete/video, lyd og rørsle og dekkjer dei fleste av sansane våre.

Nokre gonger kjem det andre og opptrer for oss eller dansar og syng med oss. 

Andre gonger reiser me på tur til andre fritidsklubbar og arrangement.

Me samlast rundt eit felles måltid med variert og sunn kost, og deler gjerne gode kosthaldsråd rundt det som blir servert.

Som oftast har me dans den siste halvtimen før me takkar for kvelden og gler oss til å møtast igjen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2019
Fritidsklubben
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Mobil :
915 95 806
E-post :
Agnes.Smorholm@fusa.kommune.no
Tittel :
Leiar for fritidsklubben
Bunnhjørne