Fusa folkebibliotek

Opningstider:

Tysdag: 10.00-15.30
Onsdag: 10.00-15.30
Torsdag: 10.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00

Fusa folkebibliotek har eit godt utval av skjønnlitterære bøker for alle aldrar. Biblioteket har også fagbøker innafor mange område, som t.d. mat, hage, andre verdskrig, kunst og handverk osb. Det vi ikkje har sjølve, prøver vi å få låna frå andre bibliotek.

Biblioteket har òg eit godt utval av videoar, lydbøker og musikk i tillegg til teikneseriar og tidsskrift (Villmarksliv, Bil, Foreldre & barn, Hagen for alle, Båtmagasinet, Familien, Bedre helse m. fl.)

Ta gjerne kontakt med biblioteket på telefon eller e-post!

Fusa folkebibliotek har katalogen sin på Internett. Det vil seia at du kan sitja heime og bruka nokre av biblioteket sine tenester.

Sjå Fusa folkebibliotek si eiga heimeside!

Søk i Fusa folkebibliotek sin database for bøker, tidsskrift, video, lydbøker musikk o.a.
Her kan du søkja på forfattar, titlar, utøvar, emne osb.  Du  kan velja mellom eit enkelt og avansert søk. Du kan sjå om biblioteket har det du søkjer etter, og om du finn det, kan du reservera det ved hjelp av tenesta MappaMi.


(Om ikkje biblioteket har det du leitar etter,  kan du ta kontakt med oss ved frammøte, telefon eller epost, og vi låner inn frå andre bibliotek)


Kikkhullet kan visa lister over kva som nettopp er levert inn og lånt ut, kva biblioteket har i bestilling, nye bøker o.a. som er klare til utlån osb. Det kan også gi publikum tips til lesing med forslag på tilfeldige titlar.



Ved hjelp av bilete er det ofte lettare for barn å søkja i biblioteket sin database. I Safarisøk får ein hjelp til å formulere eit søk gjennom bilete (og litt tekst).


MappaMi hjelper deg til å ha oversikt over låna og reserveringane dine på biblioteket. Du kan forlenga lånetida og reservera materiale du har søkt opp i basen. Du kan også registrera interesseområda dine, slik at du får beskjed når biblioteket har kjøpt inn noko nytt som du er interessert i.

Du treng lånenummeret ditt og ein PIN-kode for å nytta tenesta. Ta kontakt med oss.

Ebok App

 

No kan du låna e-bøker frå biblioteka. For å nytte tenesta må ein vere registrert som lånar i biblioteket med Nasjonalt lånekort. For spørsmål om bruk av E-lån kan du ta kontakt med biblioteket ditt. Klikk på symbolet:

 

 
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 55
E-post :
thr@os-ho.kommune.no
Tittel :
Biblioteksjef Os & Fusa
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - arkiv og ekspedisjon

Telefon :
56 58 01 00
E-post :
nls@fusa.kommune.no
Tittel :
Prosjektmedarbeidar
Bunnhjørne