Økonomisk sosialhjelp

Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller i særlege tilfelle treng hjelp til å overvinna eller tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon, kan få sosialhjelp.

Retten til sosialhjelp er heimla i Lov om sosiale tenester i NAV § 18 og 19.

Før ein har rett til sosialhjelp, skal ein prøva ut alle andre moglegheiter til å redusera utgiftene eller auka inntektene sine. Dette gjeld t.d.:

  • løna arbeid

  • sysselsettings- eller opplæringstiltak

  • trygdeytingar

  • studielån

  • bruk av formue eller sal av formuegjenstandar

  • reduksjon av utgifter

Hjelpa frå sosialtjenesta skal ta sikte på at ein vert sjølvhjelpen. Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.

Korleis søkja om sosialhjelp?

  • Ein må søkja skriftleg. 

  • Søknadskjema og eventuell hjelp til utfylling kan du få ved å kontakta NAV Fusa. 

  • For at søknaden skal kunne behandlast så raskt som mogleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden. 

  • Dersom det manglar dokumentasjon, vil du få melding om det og søknaden vert lagt til sides til dokumentasjon er framskaffa. 

  • Søkjaren har plikt til å gje opplysningar som er nødvendige for at sosialtenesta skal kunna avgjera saka.

Kontroll av opplysningar i søknaden

Sosialtenesta har plikt til å sikra at ein søknad blir så godt opplyst som mogleg, det vil seia undersøkja behovet for hjelp og søkjaren sine framtidige moglegheiter til å greia seg sjølv. 

Ved gjennomgang av søknaden vil sosialtenesta kontrollera opplysningane i søknaden mot vedlagt dokumentasjon. I tillegg kan sosialtenesta kontrollera opplysningane mot offentlege register som Folkeregister, Bustøtte/Husbanken og Likningskontor.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.09.2016
NAV Fusa
Fjord'n Senter, 2. høgd Postboks 53
5649 Eikelandsosen
E-post : nav.kontaktsenter@nav.no
Telefon
: 55 55 33 33, telefontid: 08:00-15:30.

Opningstid
: 10:00-14:30 må, ons, fre. Høve til avtalar utanom opningstid.

Helse, familie og velferd - NAV Fusa

Telefon :
55 55 33 33
E-post :
linda.sagstad-hjelle@nav.no
Tittel :
Sosialkonsulent
Bunnhjørne