Gratis kjernetid i barnehagen for 2-5-åringar

Alle to-, tre-, fire- og femåringar i husstandar med inntekt under 548 500 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart. På denne sida finn du informasjon om ordninga og korleis du søkjer.

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har heildagsplass, må du betala for opphald utover dei 20 timane.

Les dette før du søkjer:

  • Føresette må sjølv søkja om gratis kjernetid. Dette skjer ikkje automatisk.
  • Send søknad om gratis kjernetid så snart som mogleg etter at de har fått barnehageplass.
  • Føresette som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, legg vi til grunn inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.
  • Føresette må søkja til den kommunen barnet er folkeregistrert i.
  • Føresette må leggja ved siste sjølvmelding, for å visa at husstanden si samla inntekt oppfyller kravet til gratis kjernetid. Dersom de har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga, er de pliktige til å opplysa om dette.
  • Dersom de ikkje kan leggja fram sjølvmelding, må annan dokumentasjon leggjast fram, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV.
  • Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon, vil ikkje bli behandla.

Søknadsskjema

Les meir

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.08.2019
Barnehage
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 94

kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
irene.k.foer@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
tonje.tveit.horne@fusa.kommune.no
Tittel :
Konsulent
Bunnhjørne