Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

På denne sida finn du opplysningar om korleis du kan søkja om redusert foreldrebetaling for barnehageplass. 

Les dette før du søkjer:

  • Føresette må sjølv søkja om redusert foreldrebetaling. Dette skjer ikkje automatisk.
  • Send søknad om redusert foreldrebetaling så snart som mogleg etter at de har fått barnehageplass.
  • Føresette som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.
  • Føresette må søkja til den kommunen barnet er folkeregistrert i.
  • Føresette må leggja ved siste sjølvmeldinga, for å visa at husstanden si samla inntekt oppfyller kravet. Dersom de har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga, er de pliktige til å opplysa om dette.
  • Dersom de ikkje kan leggja fram sjølvmelding, må annan dokumentasjon leggjast fram, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV.
  • Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon, vil ikkje bli handsama.

Kor lenge gjeld vedtaket?

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den månaden vi i Fusa kommune mottar søknaden og ut barnehageåret (juli).  

Du/de må søkja på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden si samla inntekt. Vi tilrår at de søkjer for neste barnehageår innan 15. mai. 

NB: Vedtak frå mai gjeld til og med juli året etter.

Du/de kan søkja i løpet av barnehageåret dersom det er store og varige endringar i inntekta, til dømes på grunn av langtidsarbeidsløyse, samlivsbrot eller liknande.

Søknadsskjema

Les meir

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Barnehage
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 94

kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
irene.k.foer@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Barnehage

Telefon :
56 58 01 94
E-post :
tonje.tveit.horne@fusa.kommune.no
Tittel :
Konsulent
Bunnhjørne