Psykisk helseteam

Er du i ein vanskeleg livssituasjon? Er du bekymra for ein ven eller familiemedlem? Alle som treng hjelp kan ta kontakt med psykisk helseteam i Fusa. Vi ønskjer at det skal vera lett å ta kontakt! Du kan òg koma i kontakt med psykisk helseteam via lege, helsesøster eller anna helsepersonell.

Har du behov for akutt hjelp på grunn av psykiske vanskar, ta kontakt med legevakta på tlf 116117 eller 56 58 02 80.

Psykisk helseteam sine oppgåver:

  • støttesamtalar

  • ansvar for kontakt med 2. linetenesta

  • drifting av dagsenteret Fjordtreff (sjå nedanfor)

  • vera representert i psykososialt kriseteam i kommunen

Slik arbeider vi:

  • Vi arbeider i team og utviklar tenestene i lag og i samarbeid med brukarane

  • Kvar brukar har sin kontaktperson i teamet

  • Alle medarbeidarane har teieplikt

Psykisk helseteam er organisert som ei avdeling under eining Helse, familie og velferd.

Fjordtreff dagsenter

Fjordtreff dagsenter er for menneske som har, eller har hatt psykiske utfordringar.

Vi har ope frå kl 10-14, og møtest kvar måndag og onsdag i veker med ulikt tal (oddetalsveker). Måndagar i veker med likt tal (partalsveker) ordnar brukarane seg sjølve på dagsenteret, utan personale. 

Vi er samla til sosialt samvær, men har også andre aktivitetar, om vi ønskjer det. Årleg er vi på hyttetur, har julebord og går på konsert eller annen kulturaktivitet saman.

Tilbudet er ope, vi treng ingen søknad. Du er velkomen om du har lyst til å vera saman med oss.

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med Gudleik Østerbø, som er tillitsvalt på Fjordtreff på  tlf  91 58 26 33, eller ring til ein av oss i Psykisk helseteam, som du finn telefonnummer til på denne sida.

Søknadsskjema:

Sjå òg:

Snarvegar til andre hjelparar og interesseorganisasjonar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.04.2018
Fjordtreff dagsenter
Leiro
5640 Eikelandsosen
E-post : #rehabilitering@fusa.kommune.no
Telefon
: Sjå mobilnr

Opningstid
: ons, annankvar mån
kontaktperson

Helse, familie og velferd - psykisk helseteam. Tverrfagl. vidareutd. i rus og psykisk helse

Mobil :
992 73 623
E-post :
hilde.henanger@fusa.kommune.no
Tittel :
Vernepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - fagleiar psykisk helseteam

Mobil :
481 37 735
E-post :
gro.bauge@fusa.kommune.no
Tittel :
Psykiatrisk sjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - psykisk helseteam

Mobil :
993 75 378
E-post :
elin.samnoy.skogseide@fusa.kommune.no
Tittel :
Psykiatrisk hjelpepleiar
Bunnhjørne