I samarbeid mellom folkehelsekoordinator, eining rehabilitering og kommuneoverlege vart det i 2013 søkt midlar til prosjektet ”Frisklivssentral i Fusa”. Fusa kommune fekk kr 50 000 til dette arbeidet.
Dette gjorde det mogleg å leiga inn fysioterapeutar til å driva eit opplegg på 12 veker med trening og motiverande intervju, og ein kurshaldar til Bra mat-kurs. Frisklivssentralen hadde ni engasjerte og aktive deltakarar på frisklivstilbodet hausten 2013.
Folkehelsekoordinator har bidrege i ein oppstartsfase av frisklivsarbeidet i Fusa. Dersom dette skal vidareførast, etter evaluering av prosjektperioden, vil det vera som ei kommunal helseteneste.