Busetjing av flyktningar

Kravet for å verta busett i ein kommune, er at ein har fått godkjent opphald - politisk asyl eller opphald på humanitært grunnlag - eller at ein vert familiesameint med ein med slikt opphald.

 
Når flyktningane vert busette i Fusa, får dei nødvendig hjelp med etableringa, og ein ventestønad som dekkjer livsopphald, husleige og straum pluss nødvendige utgifter til helse.
 
Kvalifiseringsprogram
Innan tre månadar har dei plikt og rett til å starta på eit kvalifiseringsprogram gjennom introduksjonsordninga.
  • Målet med dette er å læra norsk språk og samfunnsfag, i tillegg til andre tiltak som skal gjera dei kvalifiserte for ordinært arbeid eller utdanning. Døme på dette kan vera grunnskuleopplæring, språk- eller arbeidspraksis m.m.
  • Programmet går over 2 år, og følgjer vanlege reglar frå arbeidslivet m.o.t. ferie, sjukefråvær, rett til permisjon ved fødsel osb.
  • Så lenge flyktningane deltek i programmet, får dei utbetalt ei månadleg introduksjonsløn som tilsvarar 2 x grunnbeløpet i folketrygda, med trekk for skatt og evt. ugyldig fråvær. Dei skal då dekka alle sine utgifter sjølv.
  • Flyktningane har dei same rettane som befolkninga elles m.o.t. sosiale tenester, bustønad, skulegang, oppfølging frå NAV m.m.
Målet er at flyktningane ved hjelp av introduksjonsprogrammet snarast mogleg skal verta i stand til å klara seg sjølve, så vel økonomisk som m.o.t. integrering i det norske samfunnet.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2016
Flyktningetenesta
1. etasje Fjord'n Senter (Sparebanken vest-lokala) Boks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 400 35 478

Opningstid
: 09.00-15.00
kontaktperson

Helse, familie og velferd - Flyktningetenesta

Mobil :
489 50 539
E-post :
sarifa.moola-nernaes@fusa.kommune.no
Tittel :
Flyktningekoordinator
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - Flyktningetenesta

Mobil :
404 41 635
E-post :
Knut.Venge@fusa.kommune.no
Tittel :
Flyktningekonsulent
Bunnhjørne