Tilskotsordningar

Fusa kommune administrerer ulike tilskotsordningar på kulturområdet. Nokre ordningar er lokale, andre er fylkeskommunale og andre statlege. 



Tilskot til idrett

Kommunen gjev rettleiing og handsamar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskot til:

  • nybygg av idretts- og friluftsanlegg
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg

Det kan også søkjast om kommunale tilskot til private anlegg til idrett og friluftsliv. Kommunen gjev i tillegg tilskot til drift av private idrettsanlegg etter søknad og avtale.

Tilskot til friluftsliv og folkehelse

Fylkeskommunen har samla ulike tilskotsordningar inn mot fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse i ei fellesutlysing 15. februar kvart år. Sjå eiga side.

Ta kontakt med kulturleiar for meir informasjon.

Tilskot til oppstart av nye lag og ny aktivitet

Lag og organisasjonar kan søkja om oppstarttilskot ved etablering av nye lag eller nye aktivitetar i eksisterande lag. Oppstarttilskotet er på kr 2.000. Sjå elektronisk søknadsskjema nedanfor: Søknad om tilskot til kulturføremål.

Tilskot etter søknad

Det kan søkjast om tilskot eller underskotsgarantiar til ulike kulturtiltak. Tilskot på kr 5.000 eller mindre vert handsama adminitrativt. Sjå elektronisk søknadsskjema: Søknad om arrangementetilskot.

Søknadsskjema:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.01.2014
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne