Motorferdsel i utmark

Kommunen sine oppgåver er i hovudsak regulert etter Lov om motorferdsel i utmark (motorferdsellova) og Nasjonal forskrift til motorferdsellova.

Kommunale oppgåver etter motorferdsellova:

  • § 5: Gje føresegn om start/landing med luftfartøy og bruk av motorfartøy på innsjøar mindre enn 2 km2. Eiga kommunal føresegn gjeld framleis.
  • § 6: Gje enkeltløyve for bruk av motorfartøy og luftfartøy (delegert til miljøvernrettleiar).


Kommunale oppgåver i nasjonal føresegn (mest brukt):

  • § 3: Gje reglar for trasear, sesong osb. for motorferdsel vinterstid, jf. t.d. innhaldet i skiløypeplanen.
  • § 5: Gje enkeltløyve for bruk av snøscooter til kurante køyreføremål (delegert til miljøvernrettleiar).
  • § 6: Gje enkeltløyve for bruk av snøscooter/køyretøy i unntakstilfelle(delegert til motorferdselnemnda).

Direktoratet for naturforvaltning har hatt på høyring framlegg til ny motorferdsellov, men ny lov er enno ikkje vedteken. Det er likevel gjort mindre endringar i den nasjonale forskrifta i 2009 som opnar for bruk av snøscooter m.a. for bebuarar på helse- og omsorgsinstitusjonar. Det blir samtidig enklare å nytta motorkøyretøy i tilknytning til utmarksnæring.

Publisert av Fredrik Thorsen. Sist endra 20.06.2016
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30