Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim. Bustaden er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at dei som bur der, skal kunna ta imot heildøgns omsorg etter behov. 

Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande. 

Fusa kommune har denne typen bustader på Baldersheim, i Eikelandsosen og på Fusa.

Baldersheim helsetun

  • Det er 12 bustader ved Baldersheim helsetun.
  • Alle er på bakkenivå
  • Eitt av husværa er særleg tilrettelagd for rullestolbrukarar.
  • To av husværa har to soverom.

Eikelandsosen

I Eikelandsosen har Fusa kommune omsorgsbustader i bufellesskap på fleire stader.

  • 11 omsorgsbustader er knytte til Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS).
  • 4 nye omsorgsbustader med høgare omsorgsnivå knytte til FBBS.
  • I tillegg er der 2 husvære som vert disponerte av FBBS til korttidsopphald/opptrening.
  • I bufellesskapet Hellemyra i Brakabygda 12 i nærleiken av Fusa ungdomsskule er der 5 bustader for menneske med utviklingshemming.
  • I bufellesskapet Torsneset i Eikelandsosen sentrum er der 6 bustader for menneske med utviklingshemming.
  • I bufellesskapet Neset 1 i Eikelandsosen sentrum er der 5 bustader knytt til psykisk helseteneste.

Eikhovdaheimen

  • På Fusa er det 14 omsorgsbustader i bufellesskap i Eikhovdaheimen.

Korleis søkja?

  • Bruk felles søknadsskjema for kommunale helse- og omsorgstenester

  • Tenestekontoret handsamar søknadane og tildeler bustader. 

Søknadsskjema

Sjå meir informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00

Tenestekontoret

Mobil :
404 49 455
E-post :
Liv.Elin.Moen@fusa.kommune.no
Tittel :
Sakshandsamar
Bunnhjørne

Tenestekontoret månd i partalsveker + 1/2 tysd i oddetalsveker

Mobil :
404 15 541
E-post :
Ann.Kristin.Naess@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneergoterapaut
Bunnhjørne
kontaktperson

Tenestekontoret tysd + torsd

Mobil :
489 96 892
Tittel :
Ressurssjukepleiar
Bunnhjørne