Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma som er heilt avhengige av hjelp i dagleglivet.

Brukaren har rolla som arbeidsleiar og påtek seg ansvar for organisering og innhald av tenesta i høve til sine behov og dei ressursrammer som kommunen har gjort vedtak om.

Grunnlaget for tildelinga, er timar tildelt i vedtak knytta til praktisk bistand, opplæring, støttekontakt og avlasting for foreldre med heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Brukarstyrt personleg assistanse er ein måte å samordna tenester på som gjev brukar moglegheit til å:

  • bestemma over korleis hjelpa skal nyttast
  • administrera timane som er tildelt


Søknadsskjema:


Sjå meir informasjon

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 15
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne