Kommunalt hjelpemiddellager

Har du bruk for rullator, arbeidsstol eller hjelpemidlar til bad og toalett? Fusa kommune har eit kommunalt hjelpemiddellager med bra utval i hjelpemidlar til gratis utlån.

Kva?

På lager har vi mellom anna rullatorar, rullestolar, arbeidsstolar, gåstativ, hjelpemidlar til bad og toalett, kjøkkenhjelpemidlar.

For kven?

Alle innbyggjarar kan låna hjelpemidlar ved midlertidige behov. Det vil seia behov som følgje av tap av funksjonsnivå som varer kortare enn to år.

Ved langvarige behov skal det søkjast til hjelpemiddelsentralen. 

Kvar og korleis?

  • Hjelpemiddellageret vårt er på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS).
  • Vi ønskjer at hjelpemidlane vert henta og innleverte på hjelpemiddellageret på FBBS, etter avtale.
  • Dersom transport av hjelpemiddelet vert eit problem for lånetakar eller pårørande, kan ein ta kontakt slik at vi kan prøva å hjelpa til med dette.
  • Vi bed om at hjelpemiddelet er skikkeleg reingjort ved innlevering.
  • Lån av hjelpemiddel på kommunalt hjelpemiddellager er gratis. 

Ved spørsmål eller behov for hjelpemidlar ta kontakt med ein av kontaktpersonane som du finn på denne nettsida.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30

Helse, familie og velferd - rehabilitering + Tenestekontoret
Arbeidstid: må-ty, to-fre

Mobil :
404 15 541
E-post :
Ann.Kristin.Naess@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneergoterapeut
Bunnhjørne

Helse, familie og velferd - Rehabilitering

Mobil :
404 15 542
E-post :
oyvind.tombre@fusa.kommune.no
Tittel :
Ambulerande vaktmeister
Bunnhjørne

Helse, familie og velferd - Rehabilitering

Mobil :
476 08 433
E-post :
Olav.B.Flolo@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommunefysioterapeut
Bunnhjørne