Smittevern

Smittevern handlar om å avgrensa allmennfarlege smittsame sjukdommar. Smittevernlegen har ansvar for vurdering og tiltak i høve til smittesituasjonen i kommunen. På denne sida finn du informasjon om ulike tiltak innan smittevernet.

 

Smittevernet skal syta for at alle som bur eller oppheld seg mellombels i kommunen, er sikra nødvendige førebyggjande tiltak, undersøkingar, behandling og pleie i samband med smittsam sjukdom.  

Fusa kommune tilbyr tenester innan vaksinasjon, tuberkulosekontroll og helseundersøkingar til nyankomne flyktningar og innvandrarar.

Barnevaksinasjon

Departementet har fastlagt eit nasjonalt program for vaksinering mot smittsame sjukdommar. Kommunehelsetenesta i Fusa tilbyr dette programmet til innbyggjarane. Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Fusa kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for vaksinasjon.

Du finn oppdatert informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet hjå folkehelseinstituttet.

Reisevaksinar

Før du reiser til enkelte reisemål er det viktig at du vaksinerer deg. Sjå informasjon om reisevaksinar på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Ta kontakt med fastlegen din for å få tatt reisevaksinar.

Tuberkulosekontroll

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, må du gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Det er del av kommunen sitt program for å førebyggja tuberkulose.

Meir om tuberkulosekontroll

 

Smittevernberedskap

Fusa kommune har ein smittevernplan som skal vera eit hjelpemiddel og ein reiskap i arbeidet for vern mot smittsame sjukdommar. 

Smittevernplanen skildrar generelle prinsipp for smittevern, både i normalsituasjon og i beredskapssituasjonar. Planen legg òg føringar for kommunen si verksemd og prioriteringar på område der smittevernfaglege omsyn vert berørt.

Fusa kommune har òg ei beredskapsgruppe for smittevern, der desse er med: Smittevernlegen, leiande helsesøster og einingsleiar for Pleie og omsorg. Andre kan verta kalla inn ved behov, avhengig av kva beredskapssituasjon ein står overfor.

 

Snarvegar:

 

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30

HFV - Legetenesta

Kontortid fredagar

Telefon :
56 58 01 89
Mobil :
489 50 032
E-post :
Klaus.Melf@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneoverlege
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid mån-fre

Telefon :
56 58 01 64
Mobil :
416 02 082
E-post :
astrid.gaupholm@fusa.kommune.no
Tittel :
Leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 03
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne