Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD-seng) i Fusa

ØHD-senga er lokalisert til kortids- og rehabiliteringsavdelinga på Fusa bu- og behandlingssenter. I følgje lovverket skal kommunane syta for tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for øyeblikkeleg hjelp (ØHD). Dersom legen vurderer at tilstand eller situasjon tilseier påtrengjande behov for utredning eller behandling, kan pasienten få tilbod om ØHD-opphald.

Kven kan nytta tilbodet?

ØHD-senga er eit tilbod til pasientar over 18 år med kjend sjukdom, som ved forverring kan få behandling som er avtalt på førehand, og der allmenntilstanden tilseier at eit slikt tilbod kan vera like godt, eller betre, enn innlegging på sjukehus. 

Tilstanden kan ikkje vera kritisk eller livstrugande.

Føresetnaden er at det må vera ein pasient med avklart diagnose og funksjonsnivå som kommunen er i stand til å behandla, og der risikoen for akutt forverring under opphaldet er liten.

ØHD-senga er for                                          

  • pasientar med akutt forverring av kjend tilstand (KOLS, andre kroniske sjukdommar)
  • pasientar med akutt sjukdom med avklart diagnose, som krev observasjon og behandling (ulike infeksjonstilstandar)
  • pasientar med behov for palliativ (lindrande) behandling
  • pasientar med behov for korttidsobservasjon

Frå 01.01.17 vil ordninga også omfatta pasientar med psykiske helseproblem /liding og rusmiddelproblem.

Hjelpa vert gitt i akuttsituasjonar med behov for observasjon, tryggleik , omsorg og psykososial støtte.

Liggetida er maks tre døgn. Pasienten får legetilsyn to gongar per døgn, oftare ved behov.

For tilvising:

  • Ta kontakt med fastlege eller legevakt.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 03
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS, korttids-/rehabiliteringsavd.

Telefon :
56 58 02 23
E-post :
monica.bolstad@fusa.kommune.no
Tittel :
Sjukepleiar, fagleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Pleie og omsorg - FBBS

Telefon :
56 58 02 21
E-post :
lene.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Tenesteleiar
Bunnhjørne