Idrettsskule for menneske med utviklingshemming

Idrettskulen for menneske med utviklingshemming er eit samarbeidsprosjekt mellom idrettsrådet, ulike idrettslag i kommunen og ulike einingar i Fusa kommune.

Ulike idrettslag stiller med instruktørar og treningsopplegg ein gong per veke i opp til fire veker. Treningane er varierte, men godt tilpassa menneske med utviklingshemming.

Variert tilbod

Idrettsskulen er eit tiltak i arbeidet for å betra fritidstilbodet til menneske med utviklingshemming i Fusa kommune. Idrettsskulen har gitt gode opplevingar og flott respons frå både deltakarar og arrangørar. Karate, snøaktivitet, friluftsliv, hesteaktivitet, symjing og ulike ballspel er prøvd ut.

Takk til idrettslaga som stiller opp og er med på å gjera dette tilbodet mogleg!

Ta kontakt med fritidskoordinator Heidi Skår Dale ved kulturkontoret for meir informasjon.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.01.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur 

Telefon :
56 58 01 52
E-post :
heidi.skar.dale@fusa.kommune.no
Tittel :
Fritidskoordinator
Bunnhjørne