Musikkbinge

Frå musikkbingen i Eikelandsosen. - Klikk for stort bilete Musikkbinge frå utsida. - Klikk for stort bilete

 

Fusa kommune fekk musikkbinge i 2012. Den står plassert ved skuleanlegget i Eikelandsosen vegg i vegg med Eikelandsfjorden samfunnshus og står til disposisjon for musikkinteresserte i alle aldrar.

Musikkbingen er ei brakke på ca. 23 m². Dei ytre måla er 8 x 4,20 meter. Det er bygd inn to lagerrom på omtrent 1 m² kvar og ein gang/lydsluse på 2 m². Musikkbingen er spesialbygd for musikkøving og har ei lyddemping på 50 dB, og ein etterklang på 0,4 sekund.

Utstyr

Musikkbingen er utstyrt med slagverk, bassforsterkar, to gitarforsterkarar, elektrisk piano og songanlegg. Sjå eiga utstyrsliste (PDF, 37 kB). Det er laga eigne retningsliner (PDF, 43 kB) for bruk av bingen.

Leige

Kommunestyret fastset leigesatsar. Det er gratis å bruka musikkbingen for ungom t.o.m. 20 år. Vaksne kan nytta bingen i tre timar per veke for kr 1.678,- per halvår.

Det blir tildelt øvingstid fortløpande så sant det er ledig kapasitet. Ta kontakt med kulturleiar Erik Vangsnes på telefon 56580153 eller epost: erik.vangsnes@fusa.kommune.no

Snarvegar:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.08.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne