Kulturformidling

Fusa kommune driv med eit utstrekt kulturformidlingsarbeid, både ute i einingar og avdelingar og retta mot ålmenta. Særlege satsingsområde har vore barn og unge, eldre og utviklingshemma.

Den kulturelle skulesekken - Kulturnisto
Fusa kommune har ei aktiv kulturformidling gjennom barnehagar og skular. Den kulturelle skulesekken er ei statleg satsing inn mot grunnskulane, der kommunane mottek både øyrmerkte tilskot og sterkt subsidierte turnear. Den lokalhistoriske delen av dette arbeidet har namnet Fusanisto.

Den kulturelle spaserstokken
Fusa har eit interkommunalt samarbeid med Os, Samanger og Kvam for stimulera til meir kulturformidling på institusjonar og dagsenter for eldre.

Kulturkalender
I mange år har Fusa kommune hatt ein kulturkalender på nett. Send inn bidrag til kalenderen, slik at folk enkelt finn informasjon om tiltak og arrangement i nærmiljøet.

Tilskotsordningar
Fusa kommune gjev tilskot og underskotsgarantiar til lokale arrangørar som vil skapa lokalaktivitet. Sjå side om tilskotsordningar

Ungdommens kulturmønstring

Sidan 2013 Fusakommune arrangert Ungdommens kulturmønstring (UKM) saman med Os kommune. Dei fleste åra har arrangementet vore i Oseana kunst- og kulturhus. UKM er for ungdom i alderen 10-20 år og vert arrangert lokalt i januar/februar. Sjå meir info på den nasjonale sida for ukm.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.04.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne