Kultur for integrering

Fusa har fått fleire nye innflyttarar med utanlandsk bakgrunn som treng å koma i betre kontakt med nordmenn. Fusa kommune og Fusa frivilligsentral samarbeider om å skapa møteplassar for menneske med ulik bakgrunn.

Gjennom å møta kvarandre, kan me bli meir bevisste på kulturelt mangfald og behovet alle har for å ta del i eit fellesskap, bli sett og verdsett. Med eit fungerande nettverk kan nytilflyttarane bli betre kjende og inkluderte i Fusa og Noreg. Slike nettverk er også svært viktige for å praktisera og læra norsk.

Aktivitetar og tilbod

Aktivitetane som er sett i gang er for alle i Fusa - alle kan vera med på enkeltarrangement eller som faste deltakarar.

  • Internasjonal kafé i Fusa folkebibliotek - med m.a. markering av FN sin morsmålsdag og den internasjonale poesidagen
  • "Full pakke" - aktivitetstilbod i Fjorden arena
  • "Bli kjend med Fusa" - to veker med rundreise i kommunen og besøk i bedrifter, offentlege institusjonar, og kulturminne.
  • Flyktningeven - kontaktperson og besøksven for ein eller fleire flyktningar
  • Aksjon vinterklede - innsamling av vinterklede og informasjon om korleis me kler oss for å halda kulda ute og korleis ein tek vare på ullklede.

Integreringsgruppe

Fusa kommune har oppretta ei tverrfagleg integreringsgruppe der desse er med:

  • Heidi Skår Dale - fritidsleiar
  • Sarifa Moola-Nernæs - flyktningekoordinator
  • Knut Venge - flyktningekonsulent
  • Erik Vangsnes - kulturleiar
  • Victoria Dale - leiar for Fusa frivilligsentral
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.09.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur 

Telefon :
56 58 01 52
E-post :
heidi.skar.dale@fusa.kommune.no
Tittel :
Fritidskoordinator
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - Flyktningetenesta

Mobil :
489 50 539
E-post :
sarifa.moola-nernaes@fusa.kommune.no
Tittel :
Flyktningekoordinator
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - Flyktningetenesta

Mobil :
404 41 635
E-post :
Knut.Venge@fusa.kommune.no
Tittel :
Flyktningekonsulent
Bunnhjørne

Fusa frivilligsentral

Telefon :
56 58 01 14
Mobil :
920 93 716
E-post :
Victoria.Dale@fusa.kommune.no
Tittel :
Dagleg leiar
Bunnhjørne