Bustønad (bostøtte)

Fusa kommune formidlar tilbod om bustønad (bostøtte), bustadtilskot/bustadlån, og lån og tilskot til oppføring og større utbetringar av bustad i samarbeid med Husbanken. Dette finn du informasjon om på denne sida. Vi har òg tilbod om startlån - sjå eiga side.

Søk bustønad

Kva er bustønad (bostøtte)?

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad (bostøtte)?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Korleis søkjer ein bustønad (bostøtte)?

Du kan søkja bustønad elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustønad er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Søk bustønad (bostøtte)

Papirsøknader skal du senda til: 

  • Sosialtenesta - Helse, familie og velferd, Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Du må melda frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustønad, treng du ikkje søkja kvar månad. Men du må melda frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du senda inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkja på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Meld frå om endringar

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylla ut eit eige klageskjema. Klagen skal du senda til kommunen.

Ønskjer du å søkja bustøtte for komande månader, må du senda inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon om bustønad

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine bustønadssider (bostøttesider).

Du kan òg ta kontakt med Fusa kommune for å få hjelp og rettleiing. Sjå kontaktadresse og -person til høgre på denne sida.

Bustadtilskot/bustadlån

  • Funksjonshemma, eldre eller andre vanskelegstilte husstandar vert prioriterte ved tildelinga. 

  • Ordninga skal leggja til rette for etablering i bustad, mindre utbetringar og tilpassing av bustad, og er behovsprøvd. 

  • Tildeling vert gjort fortløpande. 

  • Vanleg vedlikehald er ikkje låne- og stønadsberettiga, men dersom vedlikehaldet vert gjort i samband med tilpassing for funksjonshemma eller enøktiltak, kan det likevel verta gjeve stønad.

  • Tenestekontoret handsamar søknader om slikt bustadtilskot/lån.

Lån og tilskot til oppføring og større utbetringar av bustad

  • Søknader vert handsama av Husbanken sitt regionkontor, men skal sendast husbankansvarleg i kommunen der du bur. 

  • Ordninga er behovsprøvd.


Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 77
Mobil :
928 68 355
E-post :
anne.skagseth@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne