Økonomisk rådgjeving

Beskriving

Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gje deg økonomisk rådgjeving. Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Men du kan få hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, forhandle med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).

Oppdatert

01.12.2015 15:24

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.

Rettleiing

For at du skal få best mogleg hjelp frå rådgjevaren, er det viktig at rådgjevaren får nok informasjon til å danne seg eit korrekt og heilskapleg bilete av økonomien din. Slike opplysningar kan vere

  • Siste likningsattest
  • Saldo på alle kontiane
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysningar om lån, kredittgjeld, osb.
  • Kvittering for betalt husleige og straum
  • Utgifter i til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysningar om innskot i spareordningar

Referansar

Sist endra 28.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30