Verjemål

Det kan oppnemnast verje for den som treng hjelp til å ta hand om sine eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte. Det er Fylkesmannen som har ansvar for verjemålsoppgåvene i Hordaland. På denne sida finn du kort informasjon om ordninga og nyttige lenker. 

Dei kommunale overformynderia er nedlagde frå og med 1. juli 2013. Fylkesmannen, som held til i Statens Hus i Bergen, har teke over oppgåvene og er blitt regional verjemålsmyndigheit. Ta kontakt direkte med Fylkesmannen.

Oppnemning av verje

Det er Fylkesmannen som skal oppnemna verjer for mindreårige og vaksne i dei tilfelle der det er behov for det. Hjelpeverjer som er oppnemnde etter den gamle lova, held fram som før, men omgrepet hjelpeverje er i den nye lova erstatta med verje.

Snarvegar:

Artiklar
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.02.2016
Fann du det du leitte etter?
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30