Konsesjon og buplikt

All overtaking av fast eigedom (medrekna mellom anna overtaking ved arv, gåve og kjøp), og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 (ti) år, er konsesjonspliktig.

Dette er fastsett i konsesjonslova - Lov av 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eigedom mv. (konsesjonslova).

  • Konsesjonsplikta gjeld så framt det ikkje er gjort unntak i lova eller i forskrifter fastsette i medhald av lova.

  • Som overtaking reknar ein òg overtaking av delar eller partar i ein eigedom.

  • Ei konsesjonspliktig overtaking kan ikkje tinglysast utan at det er gjeve konsesjon.

Skjema for søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom finn du hjå Statens landbruksforvaltning - bruk lenka nedanfor.

Fritak frå konsesjonsplikta

Ei rekkje overdragingar er friteke frå konsesjonsplikt - sjå konsesjonslova §§ 3, 4 og 5 og forskrift om konsesjonsfridom mv. (fastsett 8. desember 2003).

Når ein tek over slike eigedommar, må ein få ei stadfesting frå kommunen på skjemaet eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv. SLF-360.

Når ein tek over større landbrukseigedomar, vil ein normalt måtta busetja seg der.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 14.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson
Bjørnefjorden landbrukskontor
Telefon :
56 58 01 41
Mobil :
958 84 074
E-post :
oystein.svalheim@fusa.kommune.no
Tittel :
Landbrukssjef
Bunnhjørne
kontaktperson

Bjørnefjorden landbrukskontor

Telefon :
56 58 01 40
Mobil :
980 93 965
E-post :
Siren.Tommerbakke@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar landbruk
Bunnhjørne
kontaktperson

Bjørnefjorden landbrukskontor

Telefon :
56 58 01 39
Mobil :
456 32 100
E-post :
karianne.tveitnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar landbruk
Bunnhjørne