Velkommen til sjølvbeteningssidene

På desse sidene finn du søknadsskjema og andre skjema som Fusa kommune har tilgjengelege per i dag. Du kan òg nytta deg av snarvegar til kart, bestilling av legetime og Norge.no sin vegvisar til innbyggjarretta offentlege tenester på nett.

Skjema

  • Digitale skjema kan du fylla ut på internett og senda inn elektronisk. Ved å logga deg inn, kan du oppretta din eigen brukarprofil i portalen. Dette gjev deg mellom anna tilgang til å mellomlagra skjemaene dine før du sender dei inn til oss. I tillegg får du ei oversikt over skjema du har sendt inn, med referansenummer som du kan oppgje i kontakt med kommunen.
  • Papirskjema i pdf-format må du skriva ut og senda per post til Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen - eller til den adressa som står på skjemaet. For å nytta skjema i pdf-format treng du Acrobat Reader, som du kan lasta ned gratis frå adobe.no.
  • Ekstern link: Nokre skjema finn du på andre nettsider via lenker i skjemaoversikta vår.

Personvernerklæring

personvernerklæringa finn du informasjon om korleis vi handterer innsende skjema og annan informasjon vi registrerer om deg.

Søknad på stilling

Ledige stillingar i Fusa kommune vert publiserte i dataverktøyet WebCruiter. Søknad på stillingar skal fyllast ut og sendast inn elektronisk gjennom det systemet. Lenke til søknadsskjema finn du i kvar enkelt stillingsannonse under menypunktet Ledige stillingar.

Publisert av Systembruker. Sist endra 20.01.2016

Logg inn