Engevik Gaard

Beltespenne frå militæruniform på offisersgarden Engevik - Klikk for stort bilete

Offisersgarden Engevik Gaard frå 1700-talet ligg vakkert plassert ved Sævareidfjorden. Her kan du få eit glimt inn i vestnorsk embetsmannsliv i farne tider.

Militær sjefsgard

Major Christian Wilhelm Segelcke kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard for Søndre Bergenhus infanteriregiment.

Intakt tun

Gardsanlegget omfattar ni bygningar med hovudbygningen frå 1770 i karakteristisk bergensklassisisme med halvvalma tak, som naturleg midtpunkt.

Omvising og servering

Eigar i åttande generasjon, Lars Johan Ditmarsen, og kona Anne har restaurert det gamle tunet og tek imot grupper for omvising og servering. Gjennom ei vandring rundt på Engevik Gaard kan ein få eit innblikk i tidlegare tiders gardshushald og livet på ein embetsmannsgard.

Kontaktinformasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30