Kulturbygg

Det er ei statleg tilskotsordning til bygging av lokale kulturbygg. Det kan søkjast både om tilskot til rehabilitering/påbygg til eldre bygg og nybygg. Ordninga er i dag delegert til fylkeskommunen.

Søknadane vert sendt gjennom kommunen som prioriterer søknadane dersom det er fleire søkjarar. Om nødvendig vert sakene lagt fram til politisk handsaming.

 

Søknad

Fusa kommune har frist 1. mars for nye søkjarar til å ha ferdig godkjent søknad. Søknadane vert oversendt Hordaland fylkeskommune innan 2. mai. 

Du finn meir informasjon om ordninga på Hordaland fylkeskommune si heimeside.

Dei som har spørsmål om ordninga kan kontakta Fusa kommune sin sakshandsamar Erik Vangsnes.

Publisert av Fredrik Thorsen. Sist endra 15.03.2018
Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa