Startlån

Startlån er eit finansieringstilbod for personar som har vanskar med å skaffa seg eigen bustad. Det kan gjevast til søkjarar som bur eller skal busetja seg i Fusa kommune. Det kan søkjast om lån til ein konkret bustad eller om førehandsgodkjenning. NAV Fusa tek imot og behandlar søknader om startlån. Alle inntekter og utgifter må dokumenterast. Fusa kommune har eigne retningsliner for startlån (PDF, 72 kB).

Bo i Norge / Live in Norway / Vivir en Noruega

Søk startlån

Kven kan få startlån?

  • økonomisk vanskelegstilte husstandar
  • barnefamiliar
  • einslege forsørgjarar
  • personar med nedsett funksjonsevne
  • flyktningar
  • personar med opphald på humanitært grunnlag

Vilkår for startlån

  • Startlån er behovsprøvd og omfattar husstandar som er busett eller skal busetja seg i Fusa kommune.
  • Søkjar skal ha lovleg og varig opphald i landet.
  • Søkjar skal på søknadstidspunktet vera fylt 18 år.
  • Søkjar skal dokumentera husstanden sine inntekter og utgifter.
  • Søkjar må kunna betena renter og avdrag på lånet, og samstundes ha nødvendige midlar igjen til livsopphald jf. rettleiande satsar for livsopphald utarbeidd av SIFO.
  • Minimum ein av søkjarane skal ha fast inntekt, varig trygd eller utsikt til varig trygd.
  • Bustaden skal vera nøktern når det gjeld storleik og pris.
  • Bustaden skal liggja i Fusa kommune.
  • Søkjar må ha problem med å få lån i den private kredittmarknaden. Lån vert berre gitt til den eller dei som er/ vert eigar(-ar) av pantet.
  • Søkjar sitt gjeldsforhold skal vera oversiktleg og avklart.
  • Dersom søkjar har ubetalt gjeld til Fusa kommune, eller er under gjeldsordning, vil søknad om startlån verta handsama særskilt med omsyn til type gjeld og grad av misleghald.
  • Startlån kan kombinerast med tilskot til etablering og tilpassing av bustad for vanskelegstilte husstandar.

Kva kan startlånet brukast til?

  • å kjøpa ny eller brukt bustad – det vanlegaste er at privat bank finansierer deler av bustaden og kommunen toppfinansierer med startlån
  • refinansiering av dyre lån for å oppretthalda buforholdet
  • utbetring
  • tilpassing ved nedsett funksjonsevne
  • bygging av bustad
  • toppfinansiering

Kor stort lån?

Det er ein føresetnad at det er tilstrekkeleg inntekt til å dekkja utgiftene til lån og livsopphald, og evt. andre økonomiske utgifter. Det er opp til den enkelte kommune å vurdera om søkjaren får lån, og evt. kor stort lånet blir.

Korleis søkja om startlån?

Bruk søknadsskjema frå Husbanken si nettside. Søknaden skal sendast til NAV Fusa, Postboks 53, 5649 Eikelandsosen. Ta gjerne kontakt med NAV Fusa på telefon 55 55 33 33.

Desse vedlegga må følgja alle søknader om startlån:

  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei siste to månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt
  • Utskrift av siste likning og/eller kopi av siste sjølvmelding
  • Gyldig legitimasjon, evt. dokumentasjon på varig opphaldsrett

I tillegg må det leggjast ved følgjande vedlegg:

Ved konkret bustad:

  • Stadfesting på (eventuell) anna finansiering
  • Salsoppgåve, takst, evt. kjøpekontrakt

Ved funksjonshemming:

  • Legeattest e.l.

Ved utbetring av bustad:

  • Pristilbod, dokumentasjon på kostnader

Ved bygging:

  • Kopi av teikningar
  • Bindande tilbod (anbud)
  • Kontrakt og oversikt over dei totale kostnadene

Ved samlivsbrot:

  • Skifteavtale/fordelingsavtale

Ved festa grunn:

  • Kopi av festekontrakt

Saksbehandlingstid og klage

Saksbehandlingstida er inntil tre veker.

Etter Forvaltningslova § 28 kan vedtaket påklagast innan 3 veker etter at du har mottatt svar frå kommunen om innvilging eller avslag på lånesøknaden. Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom kommunen opprettheld si avgjer, blir saka sendt vidare til kommunen si klagenemnd for behandling.

Søknadsskjema (frå Husbanken):

Andre snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.09.2016
Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa