Turgjeng i Altaneset
(11.04.2013)

Frivilligsentralen inviterer etter påske igjen til turar kvar onsdag (PDF, 190 kB). Dei håper at vårprogrammet (PDF, 95 kB) deira kan lokka mange ut i den vakre fusanaturen. Sjå også kulturkalenderen framover for fleire turar. Det er helse i kvart steg!

ØH-seng med personale
(03.04.2013)

Årsmeldinga (PDF, 8 MB) viser at Fusa kommune leverte tenester for ca 280 mill kroner brutto i 2012. Rådmannen melder om eit hendingsrikt år (PDF, 180 kB), og trekkjer særleg fram etableringa av Øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH-seng) og utvidinga av det interkommunale landbrukskontoret som Fusa er vertskommune for. M.o.t. kommuneøkonomien lyser det fleire varsellampar.

Aksel Henning Holdhus
(02.04.2013)

 

 

Aksel Henning Holdhus rundar respektable 50 år i desse dagar og inviterer til musikalsk feiring med konsert i Fusa kyrkje laurdag 6. april. Under vignetten Aksel (halvvegs) i 100! har han invitert med musikarvener til eit spennande program for messing og orgel. Dirigent for kvelden er broder Stein Holdhus. Sjå plakat (PDF, 4 MB).

Påsken 2012
(25.03.2013)

 Det vert ein flott påske i vest og ikkje minst i Fusa. Det er gode skiløyper på Bygdastølen ski- og tursenter og nok snø i fjellet til fine skiturrar. For dei som ønskjer ein aktiv påske heime utanom skiløypene, er det litt av kvart å ta seg til.

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa