Oppdrettsanlegg
(15.11.2012)

Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til eit regionalt næringsfond for Fusa, Os og Samnanger. Målet er å få til regional utvikling. Søknadsfristen for 2012-tilskot er 21. november.  

Budsjetthaust 3
(07.11.2012)

Rådmannen sitt arbeidsnotat med utgreiing av premissar for årsbudsjett 2013 og økonomiplan 2013-2016 (PDF, 10 MB) er levert politikarane. Budsjettarbeidet har vore krevjande. Fusa kommune må gjera innsparingar på drifta for å dekkja inn ein manko på ca 11 mill kroner. Utgreiinga frå rådmannen syner moglege innsparingar og kva konsekvensar det kan få. Framlegga til innsparingar byggjer på føringar og innspel gitt av formannskapet (PDF, 322 kB), som 30. november skal koma med si tilråding til kommunestyret. Endeleg budsjett for 2013 og økonomiplan for 2013-2016 vert vedteke av kommunestyret 19. desember.

(05.11.2012)

Jettegryto barnehage har oppgradert uteområdet og turplassen Jetteskogen. Arbeida er finansiert og realisert m.a. med tilskot frå folkehelsemidlar og stor foreldredugnad.

Lars Monsen i Fusa og Alaska
(30.10.2012)

Fredag kveld kunne dei tilsette i Fusa kommune som hadde funne vegen til Kulturløo på Helland, gle seg over eit spennande møte med villmarkskongen Lars Monsen. Biletkåseriet var ei gåve til dei tilsette som del av arbeidsmiljøtiltaket Fusa-i-farten. Og for ei gåve!

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa