Embetsmannsgarden Engevik Gaard - ein arv frå dansketida i Fusa
(16.05.2019)

Onsdag 15. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag på Engevik Gaard. Rett før 17. mai var det dansketida og 1814 som stod på programmet. I tillegg til historieundervisning på offisersgarden frå 1700-talet, fekk elevane prøva seg på militær eksersis og krokett, teikna våpenskjold og sjå seg om i dei mange bygningane på tunet.

Sommar-SFO 2015
(09.05.2019)

Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning to veker i sommarferien for elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld 21.-27. juni og 5.-9. august. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 24. mai.

Meld deg på vårryddeaksjonen-BIR.jpg
(02.05.2019)

To store, nasjonale ryddedugnadar er i gang. Det er BIR som står bak dugnadane i området vårt. Den eine gjeld strandrydding, den andre gjeld boss i nærmiljøa. Målet er redusera forsøplinga av havet og å få det reint og ryddig til 17. mai.

Husmann for ein dag 2019
(30.04.2019)

Sist torsdag fekk alle 5. klassingane i Fusa prøva seg som husmenn for ein dag i vakkert vårver i Vinnesholmen. Aktivitetsdagen var del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". Takk til alle gode hjelparar, inkludert kua Magni, og entusiastiske elevar og lærarar for ein flott dag!

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa