Joseph_sm.jpg
(19.05.2017)

Fusa kommune har fått ny fastlege. Han heiter Joseph Tchomtchidji og kjem opprinneleg frå Kamerun.

Etter at han tok legeutdanning og doktorgrad i Tyskland, blei han spesialist i nevrologi i Danmark. Dei siste 1,5 år har han jobba som fastlege i Norge og held no på med ei spesialisering i allmennmedisin.

Bruopning på Fusa
(19.05.2017)

Rekneskapen (PDF, 512 kB) for Fusa kommune for 2016 er no klar til politisk handsaming. Sjå óg rapport (PDF, 323 kB) og melding (PDF, 220 kB) frå revisor. Kommunestyret skal handsama rekneskapen i siste møte før ferien 22. juni. Sjå óg Årsmeldinga for 2016.

Walk and Run logo
(19.05.2017)

Laurdag 27. mai arrangerer Fusa sokneråd Walk and Run i Eikelandsosen, Tusenårsstaden ved Fjord`n Senter frå kl 13 - 15. Bli med og støtt brannskadde born i Sør-Etiopia, og sjå brannmenn og sokneprest sine løp! Det blir korpsmusikk, Streetdance ved Fusa Soul Children og mykje anna kjekt. Bli med på folkefesten! 

Fann du det du leitte etter?
Dagens bilde Søk etter historiske foto frå Fusa