Familien i sentrum

Kva støtte, hjelp og rettleiing kan Fusa kommune tilby barnefamiliar? På denne sida finn du informasjon og nyttige lenker.

EPDS

Støttesamtaler for gravide og barselkvinner med symptom på nedstemtheit. Jordmor og helsesøster brukar spørjeskjema EPDS og samtale om nedstemtheit i forbindelse med fødsel. Det er ikkje alltid rosenraudt å bli mor eller far, det er ein sårbar periode i livet. Jordmor og helsesøster tilbyr støttesamtalar til dei som har behov for det. 

Skulehelsetenesta

Tilbyr støttesamtalar med elevar på skulen. Helsesøster har faste dagar ute på din skule. Helsesøster brukar Psykologisk førstehjelp for barn og ungdom og spelet «Hei» som verktøy i samtalar med barn. Ta kontakt med helsestasjon og skulehelsetenesta eller skulen for å etablera kontakt med helsesøster. 

Kommunepsykolog

Fusa kommune har psykolog som skal gje lågterskeltilbod til barn og unge med lettare og moderate psykiske vanskar. Psykologen er tilknytt eining Helse, familie og velferd og har kontor på Fjord`n senter. Ta kontakt med helsestasjonen for tilvising til psykolog.

Foreldrerettleiing

Eining Helse, familie og velferd held foreldrekurs med bruk av «Circle of Security» COS - tryggleikssirkelen. Kurset er gruppebasert og vert drive av to kursrettleiarar. Kurset går over 8 veker med eitt møte i veka (1½ t). Ta kontakt med ein av COS-rettleiarane (PDF, 189 kB) i kommunen.   

Familiekoordinator

Når familiar opplever å ha det vanskeleg, kan det vera godt å ha ein person å venda seg til, ein som kan koordinera tiltaka rundt familien. For meir informasjon sjå brosjyre om Familiekoordinator (PDF, 54 kB)

Tverrfagleg team

Tverrfagleg team er ein støttefunksjon for tenester og foreldre som treng hjelp. Det er møte i tverrfagleg team ein gong i månaden, tenester i kommunen og/eller foreldre er velkomne til å søkja råd hjå teamet. Teamet er også ansvarleg for Barn som pårørande-prosjektet og kompetanseheving ute i tenestene. Ta kontakt med tverrfagleg team (PDF, 60 kB). Vedlegg: Samtykkeskjema.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30