Trenar i barneidrett i møte med barn som har det vanskeleg

Du som er trenar, møter mange barn med ulike føresetnader og bakgrunn for å delta på trening. Dei har det til felles at dei ønskjer å bli sett. Du kan vera den eine som ser.

Vi veit at ein vaksen som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vera avgjerande for korleis det går med barnet i framtida.

Nyttige tips

  • SJÅ: Å bli lagt merke til og hugsa, vert opplevd som verdifullt. Ha blikkontakt, og bruk barnet sitt namn med respekt.
  • LYTT: Lytt til kva barnet fortel deg, og anerkjenn barnet si oppleving utan å avbryta eller korrigera.
  • GI: Å gi handlar om å vera inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle.
  • FORSTÅ: Vis interesse. Ein vaksen som forstår, tør å spørja korleis eit barn har det – og toler svaret.
  • SET GRENSER: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom grensesetjing og rettferd.
  • VER EIN GOD ROLLEMODELL: Barn speglar oss i alt me gjer. Ver eit raust og inkluderande førebilete som handterer ueinigheit og at nokre er annleis.

Er du bekymra for barnet, kan du drøfta saka med barnevernet i Fusa kommune.

Les meir:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30