Rutinar for Barn som pårørande (BSP)

På denne sida finn du ei skildring av arbeidet med barn som pårørande. Rutinane er ein forpliktande tilnærmingsmåte for alle tilsette i Fusa kommune i møte med barn, unge og deira foreldre/føresette. Målet er at BSP-arbeidet skal bidra til å gje barna ein trygg oppvekst, og til at barn og foreldre/føresette har ei positiv oppleving i møte med kommunen.

Mål:

  • Arbeidet skal bidra til å gje barna ein trygg oppvekst.

  • Arbeidet skal bidra til at barn og foreldre/føresette har ei positiv oppleving i møte med kommunen.

1a) Kva kan me gjera innanfor eiga teneste?

  • Skaffa ei oversikt gjennom informasjon om familien.
  • Samtala om foreldrefungering, om korleis denne vert påverka og korleis den vaksne kan ivareta barnet sitt trass i vanskane. Utarbeida enkle mål med eit klart tidsperspektiv.
  • Visa at me bryr oss om korleis det er å vera føresett og ha vanskar som vaksen - skapa gode relasjonar. Ha fokus på barna sin situasjon.
  • Evaluera om barnet/ungdommen har nytte av tiltaka.

1b) Samarbeid med den andre føresette eller andre ressurspersonar for barnet

  • Planlagt samtale der barnet sin situasjon er tema. Korleis kan barnet ivaretakast når foreldre strevar.
  • Vera bevisst på tidspunkt for oppstart av dette samarbeidet. Det må ikkje gå for lang tid frå bekymring til den andre føresette/andre i nettverket blir involvert.
  • Hugseregel: Barnet har rett til å få hjelp før dei viser symptom.
  • Ein må dokumentera starten på samarbeidet med foreldre/føresette ved å skriva eit notat om saka.

2a) Føresette fungerer tilfredsstillande i foreldrerolla og barnet sitt behov blir ivaretatt

  • Me held fokus på familien og barnet i kontakt med den føresette for å sikra at den positive utviklinga held fram.

2b) Vidare samarbeid når føresette ikkje klarar å ivareta barnet sine behov

  • Invitera føresette eller andre viktige vaksne for barnet til eit møte. Fokus må vera på kva barnet treng og kva dei føresette treng for å ivareta barnet.
  • Skriftleg referat frå møtet med konklusjon. Kven skal gjera kva, når skal ein evaluera?
  • Ein eller fleire oppfølgingssamtalar vert gjennomført. Det må skrivast referat frå samtalar.

3a) Samarbeidet har fungert og barnet har fått det betre

  • Me held kontakt med dei føresette for å sikra at positiv utvikling held fram.

3b) Samarbeidet har ikkje ført til at den vaksne klarar å ivareta barnet sitt og barnet har ikkje fått det betre

  • Stoppa opp og tenkja saman med dei føresette. Barnet har ikkje fått det betre gjennom samarbeidet så langt. Ein kjem ikkje lenger. Kva har me av moglegheiter vidare?
  • Ein prøver å bli samde om å melda saka inn til tverrfagleg team, der ulike faggrupper er representerte. Samtykkeskjema må nyttast. 
  • Utarbeida eit referat der det går klart fram kven som skal gjera kva, og når.

4a) Dei føresette samtykkjer til å søkja hjelp frå andre fagpersonar

  • Me held kontakt med dei føresette for å sikra positiv utvikling.

4b) Dei føresette samtykkjer ikkje i å søkja hjelp frå andre fagpersonar

  • Bekymringsmelding til barneverntenesta. Alle offentleg tilsette har meldeplikt ved bekymring for barna sin omsorgssitusjon.

 

Til deg som er i møte med barn:
•  "Mor/far er sjuk" - brosjyre frå Helsedirektoratet

Til deg som er i møte med vaksne:
• Til barn - informasjon frå Solli sykehus (DPS)
• Kreftforeningen: Når barn og ungdom blir pårørande
• Barn som pårørande ved sykehusopphald (Sørlandet sykehus)

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30