Aktuelt frå kommunen

Nytt gardsnummer for alle eigedomar i Fusa kommune

Eigendom grensemerke - Klikk for stort bilete Statens kartverk

Alle gardsnummer i Fusa blir endra 1. januar 2020 på grunn av samanslåing av matrikkel og grunnbok i nye Bjørnafjorden kommune. Statens kartverk styrer og gjennomfører denne prosessen, og grunneigarar treng ikkje gjera noko sjølve. Den nye nummerserien er godkjent av Kartverket.

Legg til 100

Endringa gjeld alle grunneigedomar, festetomter, seksjonar og jordsameige i Fusa kommune. Alle får lagt til 100 på gardsnummeret sitt. Dette vil til dømes seia at eigedomar med gardsnummer 6 blir 106 og eigedomar med gardsnummer 106 blir 206 osb.

Her finn du eit oversyn over gamle og nye gardsnummer i Os og Fusa.

Kommunen er ansvarleg for å varsla om nye gardsnummer. Dersom det gjeld mange einingar, kan kommunen varsla gjennom lokalmedia eller kommunal informasjon (jf. matrikkelforskrifta kap. 3 § 10 andre ledd).

Endringa trer i kraft og vil vera synleg i eigedomssøk og oppslag mot matrikkel og grunnbok frå 1. januar 2020.

Når kommunar blir slått saman eller kommunegrenser blir endra, medfører dette som hovudregel større endringar i gardsnummerseriane. Kartverket er sentralt matrikkelmynde, og skal godkjenna oppretting av nye gardsnummer og andre større endringar i gardsnummerseriane. Vil du vita meir om avgjerdene som ligg bak dei nye gardsnumra? Då kan du sjå nærare på retningslinje for omnummerering av matrikkeleiningar ved kommunesamanslåing og justering av kommunegrense, som er førande for arbeidet.

Stengjer matrikkelen

Når kommunereforma trer i kraft 1. januar 2020, blir 109 av kommunane i landet slått saman til 43, og 13 fylke blir til seks. For at Statens kartverk skal få oppdatert til ny kommune- og fylkesstruktur, stengjer matrikkelen fredag 13. desember. Grunnboka stengjer fredag 27. desember.

For å redusera risikoen for feil, tilrår Kartverket at kommunane sender saker til tinglysing seinast 29. november dersom dei må vera ferdigbehandla før årsskiftet.

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 29.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30