Aktuelt frå kommunen

Fakturainformasjon ved overgang til ny kommune

Faktura.JPG - Klikk for stort bilete

Frå 01.01.2020 er noverande Fusa del av nye Bjørnafjorden kommune. Her er litt informasjon om kva dette får å seia for fakturaavtalar med Fusa kommune. 

Har du inngått avtalegiro og/eller e-fakturaavtalar med Fusa kommune?

  • dersom avtalen er inngått innan utgangen av oktober 2019 vert han automatisk overført til Bjørnafjorden kommune
  • dersom du ikkje ønskjer å vidareføra avtalen frå 2020, må du sjølv sletta avtalen i nettbanken/banken din

Ikkje opprett nye avtalar med Fusa kommune etter oktober

Det vert gjennomført ei konvertering av eksisterande fakturaavtalar frå Fusa kommune til Bjørnafjorden kommune i løpet av november-desember. 

  • Du bør difor ikkje oppretta nye avtalar om avtalegiro eller e-faktura i denne perioden - dei kjem ikkje til å bli overført automatisk.

Nye avgifter i 2020

Det nye kommunestyret for Bjørnafjorden kommune vedtek i siste møte i desember 2019 dei avgiftene og prisane på kommunale tenester som skal gjelda frå og med 01.01.2020. Dette blir då publisert på ny heimeside for Bjørnafjorden kommune.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30