Aktuelt frå kommunen

Barnehagane er med på brannvernveka 2019

Liten brannmann i aksjon i Trollskogen barnehage - Klikk for stort bileteLiten brannmann i aksjon i Trollskogen barnehage Mariann Gjerdevik

Denne veka er den nasjonale brannvernveka, og barnehagane i Fusa har teke brannvern på alvor. Eit høgdepunkt for barna har vore besøk av brannbil og brannfolk frå Fusa brann og redning. Laurdag 21.09. er både barn og vaksne velkommen til ope hus på brannstasjonen i Eikelandsosen klokka 11-14.

Brannvern i Trollskogen barnehage

"Alle aktivitetar denne veka har vore retta mot brannforebygging, brannøvelsar, evakuering, brannbilar og utstyr som brannmennene brukar," fortel Mariann Gjerdevik, pedagogisk leiar for "Småtroll"-avdelinga i Trollskogen barnehage på Fusa. 

I dag var det klart for det store høgdepunktet: Besøk av brannmann Roger, branndame Ingrid og brannbilen. "Me fekk sjå utstyret i bilen og spyla med brannslangen. Roger fekk helsa på brannbamsen vår Bjørnis," fortel Gjerdevik.

Open dag på brannstasjonen

Laurdag 21.09. klokka 11-14 kan små og store ta turen til brannstasjonen i Eikelandsosen. Då er det open brannstasjon, der du kan få prøva deg på litt av kvart. 

Der kjem til å vera folk til stades som kontrollerer brannsløkkingsutstyr, og det vert òg høve til å kjøpa diverse brannvernutstyr. 

Sjå annonse (PDF, 168 kB).

Fotograf: Mariann Gjerdevik Fotograf: Mariann Gjerdevik Fotograf: Mariann Gjerdevik Fotograf: Mariann Gjerdevik Fotograf: Mariann Gjerdevik
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30