Aktuelt frå kommunen

Utstilling i kulturbedehuset Fredheim på Vinnes 14. september

Anne Hesvik - Klikk for stort bileteAnne Hesvik

Fusa kommune markerer dei nasjonale kulturminnedagane med ope hus i kulturbedehuset Fredheim på Vinnes laurdag 14. september klokka 11-16 med kunstutstilling ved Anne Hesvik. Tema for kulturminnedagane er "Framtidas kulturminne". Arrangementet er eit samarbeid med Venelaget for Fredheim.

Strandvik-kunstnaren Anne Hesvik stiller ut i kulturbedehuset Fredheim Vinnes laurdag 14. september. Hesvik er kolorist og har spesialisert seg på ornamentikk i det ein kan kalla ei fornying av rosemålarkunsten.

"Hjarteband" av Anne Hesvik - Klikk for stort bilete"Hjarteband" av Anne Hesvik

Framtidas kulturminne presentert i eit av Fusa sine flotte kulturminne

Utstillinga er også ei markering av Kulturminnedagane i Noreg og Fusa. Tema i år er «Framtidas kulturminne», og Anne Hesvik sin kunst er eit godt døme på eit samtidig kulturutrykk som kan bli kulturarv i morgon.

Det er også ope hus i det gamle bedehuset, som eit av dei mest særmerkte kulturbygga i Fusa, teikna av treskjerar og kunstnar Magnus Dagestad frå Voss for meir enn 100 år sidan.

Etterspurd kunstnar

Anne Hesvik har hatt eit aktivt år med fleire spennande oppdrag. Ho har utsmykka Fjordsalongen ved Brakanes hotel i Ulvik i høve kongeparet sitt besøk. Ho har også teke del i "Kunstvandring Voss" og OddArt i Odda.

I sommar var Anne Hesvik i USA i staten Iowa og underviste ved det kjende museet og utdanningsenteret Vesterheim i Decorah. 

For tida er ho i gang med eit utsmykkingsoppdrag til kapellet i den nye sjukeheimen i Ulvik.

Velkommen til ope hus!

No har du sjansen til å sjå eit breitt utval av Anne Hesvik sine arbeid i Fredheim. Det er gratis inngang og enkel servering. Arrangementet er eit samarbeid mellom Venelaget for Fredheim og Fusa kommune.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30