Aktuelt frå kommunen

Vegen til Markhus er køyrbar med traktor

Marhusvegen dagen etter flaumen. - Klikk for stort bileteMarhusvegen dagen etter flaumen. Knut Revne

Torsdag var folk frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på synfaring på Marhusvegen. I dag fredag 30.08. vart den mellombelse brua ferdig, slik at vegen no er køyrbar med traktor, opplyser einingsleiar for Teknisk drift, Øystein Havsgård.

Markusvegen fekk hard medfart av flaumen 19. august. Elva vaska med seg nesten heile det eine brukaret på Vabrua, i nedre halvdel av vegen til Markhus. Det har vore uråd å starta med reparasjonsarbeidet på vegen før det kom ei ny bru på plass. 

Arbeidet med oppbygging av ny veg held fram over helga. Havsgård reknar med at Markhusvegen truleg skal kunna køyrast med "høgføtt bil" mot slutten av neste veke. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30