Aktuelt frå kommunen

Tid for å betala kommunale avgifter 2. termin 2019

Drikkevatn - Klikk for stort bilete

Faktura for kommunale avgifter for andre termin 2019 er på veg i posten. Det gjeld abonnementsavgift for vatn og avløp, gebyr for slamtømming, feiing og branntilsyn. Sjå gebyrregulativet for detaljert informasjon (PDF, 649 kB).

Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. Fakturaer for dei kommunale avgiftene for andre termin er no sende ut og kan ventast i posten med det første. Forfallsdatoen er 25. september 2019.

Kva betalar du for?

Vatn og avløp:

  • Abonnementsgebyr forfell til betaling 25. september.
  • Forbruksgebyret for vatn og avløp for alle abonnentane forfall til betaling 25. mai. 

Slamtømming:

  • Gebyr forfell til betaling med ein ¼-part 25. mai og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år.
  • For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vart det fakturert ¼-part med forfall 25. mai i år.

Feiing og branntilsyn:

  • Du betaler eit årleg basisgebyr for feiing og tilsyn, og i 2019 er forfallsdato 25. september.
  • Brann- og feiarvesenet skal sørgja for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov.
  • Kor ofte det skal feiast er avhengig av oppvarmingssystem i bustaden, sotmengde, type skorstein og fyringsmønster.
  • Du må betala tillegg for meir enn eitt pipeløp.

Meir informasjon om betalingssatsar for 2019 finn du i gebyrregulativet. (PDF, 649 kB)  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30