Aktuelt frå kommunen

Ferietilbod for ungdom i august - påmelding no

Aktiv ferie - Klikk for stort bilete

Ferietilbodet er for deg som er mellom 13 og 19 år. Tid: 10.-13. august. Ungdom frå både Fusa og Os kan melda seg på. Opplegget er sponsa av staten, med ei deltakaravgift på kr 400 per person. Dersom du synest det er dyrt, kan du be om redusert deltakaravgift. Påmelding snarast og så lenge det er ledige plassar.

Alle kostnadar til reiser, mat, overnatting og aktivitetar er inkludert og det er ikkje behov for lommepengar. Ei viktig målsetting for ferietilbodet er å ha det gøy, få vera med på sponsa aktivitetar og å bli kjent med fleire. Det kan maks vera ca. 20 deltakarar. 

Påmelding

Påmelding via e-post eller mobil snarast og seinast innan 28. juli til:

  • e-post: ovredalvidar@gmail.com
  • mobil: 411 20 526.

Ta også kontakt dersom du har spørsmål! Ved stor påmelding, vil dei som ikkje har har så mange andre ferietilbod i sommar bli prioritert. Dersom kr 400 er mykje pengar, kan du be om redusert deltakaravgift. Det er bindande påmelding.

Ulike aktivitetsalternativ, men rafting på Voss uansett!

Veret er med og bestemmer kva aktivitetar som passar å ha. Det som er sikkert, er at det blir ein heil dag med rafting og klatrepark på Voss. For dei under 15 år, blir det familierafting. Dei som er fødd i 2004 eller før kan velja å vera med på tøffare rafting saman med erfarne instruktørar. Varm lunsj og ein varm dusj etter rafting er inkludert i opplegget.

Fjelltur med overnatting dersom det blir finver

Dersom veret er fint, blir det også fjelltur i Stølsheimen med to overnattingar. Planen er å køyra minibuss til Steinslandsvatn i Modalen og padla i kano over Steinslandsvatnet og Solrenningsvatnet. Dette krev ingen forkunnskapar. Dersom det er for mykje vind til å padla, går turen til fots i eit flatt og tørt terreng som er lett å gå i. Overnatting to netter i Solrenningshytta med moglegheit til å fiska i det gode fiskevatnet eller bada frå den fine sandstranda like ved. På hytta vil det også vera ulike aktivitetar. 

Dagsopplegg som alternativ til fjelltur dersom det blir dårleg ver

Dersom veret er dårleg, blir det ikkje fjelltur til Stølsheimen. Då blir det heller kjekke aktivitetar i Fusa, Os og Bergen. Her er eksempel på moglege aktivitetar:

  • Båtutflukt med hurtiggåande båt til eit spennande turmål
  • Padling i kajakk eller kano
  • Sykkeltur
  • Bading, tubekøyring i slep etter båt, rappellering, klatring, fotball, volleyball, tennis, freesbe, grilling på bål
  • Bytur med aktivitetsmoglegheiter som til dømes utandørsbassenget på Nordnes, Stoltzekleiva, trampolinepark, Akvariet eller vitenskapssenteret «Vil vite»
  • Brevandring på Folgefonna
  • Sykkel-/kanotur til Raudlistova på Os

Arrangør

Vidar Øvredal, gjennom firmaet Nær Sjøen, er den som gjennomfører ferietilbodet. Vidar har mange års erfaring innan friluftsaktivitetar. Dei siste åra har han laga til sommarleirar for barn i samarbeid med Bergen og omland friluftsråd og MOT-leirar for ungdom i regi av Os kommune. Ein kvinneleg leiar blir med i tillegg til Vidar.

Meir informasjon og ev. lån av utstyr

Dei som får plass, vil få meir informasjon om opplegget nokre dagar før tilbodet tek til. Du vil få ei liste over kva utstyr du treng å ha med. Manglar du utstyr, kan du be om å få låna utstyr av arrangøren (t.d. ryggsekk, lakenpose/sovepose, støvlar, redningsvest). 

Fusa kommune si rolle

Ferieopplegget har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet for å kunna gje aktivitetstilbod som det ikkje kostar så mykje å vera med på. Fusa kommune har teke på seg rolla som knutepunktsfunksjon i formidlinga av dei statlege tilskota. Eit anna tiltak i Fusa som også har fått tilskot frå dei same midlane i 2018 og 2019, er Fusa frivilligsentral sin ferieklubb for barn.

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 23.07.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30