Aktuelt frå kommunen

Barneverntenesta får felles leiing for Os og Fusa

Barnevern - Klikk for stort bilete Frå og med 1. juli tek Os-leiar Linda Hevrøy over som leiar også for barneverntenesta i Fusa. Avtroppande leiar Line Åsvang skal over i ny jobb som leiar for barneverntenesta i Kvam. Ho minner om at barneverntenesta er bemanna alle dagar gjennom sommaren.

Slik tar du kontakt med barnevernet

Du kan nå barneverntenesta alle vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30 - sjå eiga tenesteside.

Dersom du ikkje oppnår kontakt med nokon av dei tilsette i Fusa, kan du ringja dagvakttelefonen ved Os barnevernteneste: 901 82 850.

Kveld, helg og heilagdagar: Ring Barnevernvakta i Bergen på telefon 55 36 11 80.

Du kan elles ringja gratis til den landsdekkjande Alarmtelefonen for Barn og Unge utanom kontortid på telefon 116 111

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30