Aktuelt frå kommunen

Sommarope i biblioteket

Velkommen til sommarope bibliotek! - Klikk for stort bileteVelkommen til sommarope bibliotek!

Biblioteket er ope i heile sommar, og tilbyr eit spennande sommarprogram (PDF, 1016 kB). Frå måndag 1. juli til og med måndag 5. august er det reduserte opningstider. Det er personale til stades tysdag-torsdag kl. 09-14.30. Måndag og fredag er biblioteket sjølvbetent i Kommunetunet si opningstid (kl. 09-14.30).

Laurdagar i skuleferien er biblioteket stengt. Første opne laurdag vert 10. august.

NB! Biblioteket er sjølvbetent også onsdag 3. juli på grunn av velferdspermisjon.

Sjølvbetening

Når bygget er ope, kan alle fritt nytta biblioteklokala med studieplassar og spelekrok.

Dersom du har med lånekortet, kan du låna og levera inn bøker og andre media på utlånsautomaten.

Fusa folkebibliotek ønskjer alle lånarar ein riktig god og bokrik sommar! 

Sommarprogram 2019 Fusa folkebibliotek - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30