Aktuelt frå kommunen

Hjelp oss å førebyggja brann

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete Er du bekymra for di eiga eller andre si brannsikkerheit? Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønskjer å melda frå? No er det lansert ei ny nasjonal nettside, branntips.no, der du kan senda bekymringsmeldingar direkte til ditt eige brannvesen. Fusa brann og redning er mellom dei 103 brannvesena i landet som tek imot meldingar via branntips.no.

Har du tips til brannvesenet?

Er du uroleg for branntryggleiken der du bur - eller til nokon du kjenner? Uansett kven eller kva bekymringa di gjeld, ønskjer brannvesenet å høyra frå deg. Saman kan vi unngå at det vert brann og potensielt redda liv. Takk for at du bryr deg!

Branntips.no er ei nasjonal nettside der du kan melda frå til brannvesenet om bekymringsfulle forhold. I dag mottar 103 brannvesen i 277 kommunar bekymringsmeldingar via branntips.no. Både Fusa og Os kommunar deltek i denne nasjonale satsninga. 

Har du spørsmål om brannsikkerheit?

På branntips.no finn du òg svar på ei rekkje spørsmål som brannvesenet får ofte. Det er spørsmål om alt frå røykvarslarar, rømmingsvegar og riktig fyring i peisen til bål, skogbrann og lading av el-bilar. Sjå menypunktet FAQ (frequently asked questions - ofte stilte spørsmål) på branntips.no. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30