Aktuelt frå kommunen

Siste sjanse til å få gratis HPV-vaksine

Siste frist for gratis HPV-vaksine - Klikk for stort bilete

Er du fødd i 1991 eller seinare og har ikkje fått tatt HPV-vaksine enno? Då må du skunda deg. Tilbodet om gratis vaksine mot humant papillomavirus går ut 30. juni i årTa kontakt med helsestasjonen og bestill time.

Tre vaksinedosar

Full vaksinasjon består av tre enkeltdosar. Det skal gå minst ein månad mellom første og andre dose, deretter skal det gå minst fem månader mellom andre og tredje dose. Du har ikkje full beskyttelse før alle dosane er sette. 

No hastar det å få sett siste dose. Gratistilbodet blir avslutta 30. juni 2019.

I Fusa er helsestasjonen på Fjord'n Senter ansvarleg for tilbodet om gratis HPV-vaksinering. Leiande helsesøster Astrid Gaupholm opplyser at vaksinasjonen vert gjennomført etter timeavtale. Telefon: 56 58 01 00.
 

NB! Dei som ikkje rekk å fullføra innan fristen, kan også ta kontakt med lege og betala for den siste dosen sjølve.

Førebyggjer livmorhalskreft

Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

Vaksinen har vist seg å gi rundt 90 prosent beskyttelse mot alvorlege celleforandringar i livmorhalsen hos kvinner som ikkje var smitta med humant papillomavirus (HPV) på vaksineringstidspunktet. Slike celleforandringar er eit forstadium til livmorshalskreft.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 har uvaksinerte kvinner som er fødd i 1991 og seinare òg fått tilbod om gratis HPV-vaksine. Dette tilbodet vert altså avslutta ved utgangen av juni.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30