Aktuelt frå kommunen

17. mai-førebuing på Engevik Gaard

Embetsmannsgarden Engevik Gaard - ein arv frå dansketida i Fusa - Klikk for stort bileteEmbetsmannsgarden Engevik Gaard - ein arv frå dansketida i Fusa Onsdag 15. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag på Engevik Gaard. Rett før 17. mai var det dansketida og 1814 som stod på programmet. I tillegg til historieundervisning på offisersgarden frå 1700-talet, fekk elevane prøva seg på militær eksersis og krokett, teikna våpenskjold og sjå seg om i dei mange bygningane på tunet.

Aktivitetsdagen er del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". I 5. klasse samlast elevane på husmannsplassen i Vinnesholmen, om hausten i 6. klasse i klyngjetunet på Eide i Hålandsdalen og om våren på embetsmannsgarden Engevik i Sævareid. Dei får oppleva historiske forskjellar i sosiale lag og sjå tilsvarande forskjellar i byggeskikk. Ikkje minst får dei prøva ut mange aktivitetar frå "før i tio". På offisersgarden er marsjering ein naturleg del av aktiviteten. Takk til instruktør Ottar Midtrød, med fartstid i Garden og Heimevernet, for kyndig rettleiing.

Frå krongods til offisersgard

Engevik var eigd av den dansk-norske kongen Fredrik 4. I 1723 kjøpte offiseren Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) Engevik Gaard. Segelcke var offiser i kong Fredrik 4. sin hær og ein mektig mann. I 1742 vart han sjef for Søndre Bergenhus infanteriregiment. I tre generasjonar, og om lag 100 år, var Engevik Gaard offisersgard.

Åttande generasjon på Engevik Gaard - Lars Johan Ditmarsen og kona Anne - har drive garden som gjestegard. No har niande generasjon, dottera Loren Ditmarsen Radecki og ektemannen Maciej Radecki, overteke. Fusa kommune takkar vertskapet for at "Fusanisto" kvart år i mai får koma og oppleva det flotte gardsanlegget, som ligg der som ein arv frå dansketida. 

Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV F.v. Ottar Midtrød, Lars Johan Ditmarsen og Erik Vangsnes | Fotograf: EMBV Relieff Grunnlova vart signert 17. mai 1814 Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Kong Fredrik 4. av Danmark-Noreg (1699-1730) Fotograf: EMBV Krokett på Engevik anno 1891 Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Uniform frå det 1ste bergenhusiske regiment på 1700-talet Fotograf: EMBV Våpenmerket til Segelckeslekta Våpenskjold anno 2019 Våpenskjold anno 2019-2 Våpenskjold anno 2019-3 Våpenskjold anno 2019-4 Våpenskjold anno 2019-5 Våpenskjold anno 2019-6
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.05.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30