Aktuelt frå kommunen

Forbod mot open eld

Bål - Klikk for stort bilete

15. april til 15. september er det forbod mot å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannsjefen - med visse unntak. Yr melder no om skogbrannfare i vårt område, og det er ekstra grunn til å vera varsam, seier brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid. Mange er òg i gang med vårarbeid, og brannsjefen minner difor om reglane for bråtebrenning.

15. april-15. september

Frå 15. april til 15. september er faren for å forårsaka gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Derfor er det i denne perioden ikkje lov å gjera opp bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet.

Følg òg med på varsel om skogbrannfare på yr.no eller Meteorologisk institutt. Pass særleg på dersom det er varsla stor skogbrannfare = indeks på meir enn 60. Den varsla skogbrannfareindeksen for vårt område (Florida/Bergen) på palmesøndag 13. april er 42.

Bruk hovudet!

Det er tillate å gjera opp eld der det openberrt ikkje kan medføra fare for brann, t.d. på ei våt strand, på snødekte bakkar eller i tider med mykje nedbør. Brannsjefen understrekar at du sjølv har ansvar for å syta for at det ikkje vert brann.

Grilling

Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage, eller grilla på eigna stader i t.d. parkområde eller i strandkanten. 

Ver svært varsam med bruk av eingongsgrill. Desse er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillar skal sløkkjast heilt med vatn og leggjast i eigen metallbehaldar etter bruk.

Bålpanner blir stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenna tørr og rein ved, eller bruka grillkol.

Hageavfall - lag heller kompost enn bål

Det er lov å brenna hageavfall, men berre små mengder tørt hageavfall, som kvistar, gras og gammalt lauv og planterestar. Det er ikkje tillate å brenna søppel i noko form, heller ikke bygningsrestar, materialar eller trevirke som er behandla med måling, lakk, impregnering eller liknande.

Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken fra eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særleg dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggjande lågt over bakken og blir lite uttynna. Røyk verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponerte. Røyken er særleg til plage for dei som har astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet si tilråding er difor å la vera å brenna hageavfall, og heller laga kompost. 

Ved brenning av hageavfall går verdifullt materiale tapt. Planteavfall kan heller bli til kompost og koma til nytte som gjødsel og god jord. Ein enkel hagekompost er lett å laga. Legg alt avfallet i ein haug, og lag evt. ein karm rundt, for å halda komposthaugen på plass.

Bråtebrenning og bålbrenning - kva er lov?

Dersom det er lange tørkeperiodar eller ekstreme vindforhold som gjer at faren for gras- og skogbrann aukar, kan brannvesenet leggja ned eit generelt forbod mot all bruk av eld utandørs.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsaka gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjera opp små bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet.

Kva skal du passa på når du brenn bål?

Ved all brenning må ein visa aktsemd. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Her er nokre retningslinjer:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje har klede som lett tek fyr.
  • Sløkk alltid bålet forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Husk at all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Flatebrenning

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, og gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vera ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sytast for at brenninga vert gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er tillate også i tidsrommet frå 15. april til 15. september.  

Meir informasjon

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30