Aktuelt frå kommunen

Vellukka UKM for Os og Fusa

Joakim Austrått Kristensen (Os og Fusaposten) - Klikk for stort bilete

Laurdag 9. mars vart det for 7. og siste gong arrangert felles UKM for Os og Fusa. Neste år er vi saman i Bjørnafjorden kommune! Det vart eit feiande flott program med lokal ungdom i fri og kreativ utfalding. Neste stopp for fleire av deltakarane er fylkesfestivalen, som vert i Oseana 5.-7. april.

UKM er ein nasjonal  kulturfestival for ungdom med lange tradisjonar både i Os og Fusa. For andre gong inviterte Fusa osingane over fjorden til mønstring. Dei som tok turen til Eikelandsfjorden samfunnshus denne laurdags ettermiddagen fekk ei sterk kulturell oppleving. Publikum fekk sjå at lokal ungdom er kreative i både kunst, dans, film og musikk og ikkje minst dyktige arrangørar. Du kan sjå innslag frå arrangementet med lyd og bilete på www.ukm.no.

Lokal kunst

Heile 14 ungdomar hadde bidrag med i utstillinga med ulike kunstnarlege uttrykk og fleire arbeid med høg kvalitet.

Her valde juryen å senda fem verk vidare til fylkesfestivalen:

  • Fusa: Gjøa Holmefjord (16) - "Kan du sjå meg no?" - foto
  • Fusa: Zofia Konieczka (16) - "Mystery Shack" - trearbeid
  • Os: Sophie Louise Lind (17) - Sjølvportrett - teikning
  • Os: Erika Maria K. Andersen (17) - Krukke med drage - keramikk
  • Os: Lilly Grønvigh (18) - "Star Roving" - bilete i akryl

Lord sir tries Ikea

Det har vore mange flinke filmskaparar med i UKM og i år kom bidraget frå filmbygda Os. Den humørfyllte kortfilmen "Lord sir tries Ikea" gjekk vidare til fylkesfestivalen med Emil Griffiths (17) i hovudrolla. Filmen hadde han laga saman med Marie Steinum (18).

Allsidig musikk og dans

Sceneprogrammet var variert og fekk ein profesjonell lyd- og lysproduksjon av Fusa lyd og lys. I tillegg til dei lokale innslaga var det også gjestespel frå Bergen. 

Frå scenen valde juryen valde å senda vidare desse innslaga:

  • Fusa: Blooming Bruises - "Simple Minds" - rock (Benjamin S. Austestad (18), Einar Andersen (18), Håkon Markhus (18), Jørgen Hovden (17 år), Susanna Kristensen (16), Tobias Rysjedal (18)
  • Fusa: Miriam og Sofie Sundfjord - pop (Miriam (18) og Sofie (16))
  • Fusa: Amara G - dans (Malena Øpstad Offerdal (16), Oliwia Sakowska 18, Zofia Konieczka (16))
  • Fusa: Z & F - "Girls,Girls,Boys" - pop (Frida Solheim (17)  og Zofia Konieczka (16))
  • Os: Pernille Wensel (16) - "I'll be strong" - pop
  • Os: Revers - "Do I wanna know" - rock (Agathe Nordvik (16), Johanne Svanevik (16), Leona Jespersen (17), Silje Marie Nilsen (17)).
  • Os: Kristina Andreasson Dale (16) - You raise me up - pop
  • Os: Joakim Austrått Kristensen (17) "To loves end"/ "I'am already gone"  - dans/ pop

Pernille Wensel og bandet Revers er Bergens-basert, men juryen valde å senda dei vidare på Os kommune sin kvote.

Flinke arrangørar

Med nokre vaksne leiarar i bakvakt, handterte ungdommen gjennomføringa av arrangementet i stor grad på eiga hand. Kristina Andreasson Dale (16), Marie Steinum (18) og Tuva Baggen (16) , alle tre frå Os, delte på konferansierjobben. Fleire av dei som var med i programmet tok også eit tak i den praktiske organiseringa.

For første gang på fleire år var ikkje Natasja Smørholm (18) på scenen, men hadde i staden koordineringa bak scenen. Saman med Tuva Baggen og Lilly Grønvigh vart ho vald ut til å vera med i arrangørstaben for fylkesmønstringa som vert i Oseana kunst- og kultursenter helga 5.-7. april, då i regi av Hordaland fylkeskommune.

Os kommune og Fusa kommune må takka juryen som i år var Stine Kobbeltvedt, Bo Mathys og Morten Holmefjord. Ein stor takk også til ein mediagjeng frå Bergen som sto for opptak og sending via Ukm.no sine nettsider, der du framleis kan sjå smakebitar av programmet. Takk også til Eikelandsfjorden samfunnshus og Fusa lyd og lys for god hjelp med gjennomføringa.

Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes Fotograf: Anne Marie Aarøen Vangsnes

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30